Laugspratnarar

Osland Havbruk

Kvifor me er med:

Laks er viktig for Norge, laks er viktig for Sognefjorden, Sogndal Fotball er viktig for Sogn og Fjordane, det handlar om nettverksbygging og identitet. 

Om oss:

Osland Havbruk, ein smak av Sognefjorden, driv oppdrett av laks og aure i Høyanger Kommune. Lokalt eigd selskap med 30 tilsette som er stolt av å drive med matproduksjon i Sogn og Fjordane. Viste du at vi produserer 7000 måltid kvar dag ?

Sognahallen

Kvifor me er med:

Stolt sponsor til Sogndal Fotball.

Om Oss:

Sognahallen er ein storhall i Sogndal med innendørs fotballbane med internasjonale mål, handball-, badminton-, basket- og volleyballbaner, pluss bandy. Vidare er det friidrettsanlegg for sprintdistanser, kule, tresteg og lengde – og klatreanlegg med mange løyper, der den høgeste er 18 meter høy. Anlegget inneheld òg buldrevegg.

Songnahallen AS vart skipet 6. juni 1997. Sognahallen A/S er eiendomsselskapet som vart etablert for å realisere Sognahallen. Hovedaksjonærane er Sogndal kommune og SIL Tribunen A/S, men på eigersida er òg nabokommunar, idretten og næringslivet representert

Høgskulen på Vestlandet

HVL PNG.png

Kvifor me er med:

HVL avd. Sogndal held til på Fosshaugane Campus og utgjer ein vesentleg del av verksemda på campus. Idrett, oppvekst og helse er sentrale utdannings- og forskingsområde, og vi ynskjer å vera ein synleg del av campus og dei profilerte aktivitetane til Sogndal Fotball. 

Om oss:

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største utdanningsinstitusjonane i landet, med om lag 16 000 studentar. HVL vart etablert 1. januar 2017, då Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund fusjonerte.

HVL avd Sogndal har nær 4000 studentar og campus i Sogndal og Førde. Høgskulen tilbyr 22 bachelorprogram og fem masterprogram i tillegg til ei rekkje kortare vidareutdanningstilbod. Høgskulen er blant dei aller beste i Norge når det gjeld studentgjennomføring og studenttilfredsheit. Tett kontakt med studentane, god oppfølging og høg kvalitet i utdanningstilboda er dei sentrale kjenneteikna ved høgskulen. HVL rekrutterer breitt geografisk og hentar kring 2/3 av studentane utanfor Sogn og Fjordane. HVL er også ei betydeleg forskingsing- og formidlingsinstitusjon og har mellom anna store forskingsprosjekt knytt til idrett og helse.

GOSH PGP

pgp.png

Kvifor me er med:

Stolt samarbeidspartnar til Sogndal Fotball

Om oss:

Gosh er Norges største og ledende kjede innenfor leveranse av profilelementer til bedriftsmarkedet. Siden oppstarten i 2001 har vi ekspandert til 21 forhandlere over hele landet, og er i dag representert i alle de største, norske byene. Vi er en totalleverandør innen profil, med hovedfokus på profileringsartikler, firmagaver, profil- og arbeidsklær, skilt og dekor.

https://www.gosh-pgp.no/

Målrock

Kvifor me er med:

Vi ynskjer å vere ein synleg aktør i Sogn som, saman med Sogndal Fotball, promoterer Sogn som region på ein positiv måte.

Om oss:

Målrock der Sognefjorden går på land, arrangerast 10-13. august 2016 og er den viktigaste festivalen i Sogn. Festivalen fremjer musikk på eige mål og dialekt og legg vekt på å syne fram Sogn som region. 

Malakoff

Kvifor me er med:

Sogndal Fotball og Malakoff er veldig like på veldig mange punkt når ein ser på visjon og tankar om korleis ein skal jobbe i kvardagen. Vi har mykje å lære av ein organisasjon som på imponerande måte, begrensa midlar og lokal profil klarar å holde seg på eit særs høgt nivå  på sitt området samtidig som ein har bygd ein organisasjon som er viktig for mykje anna enn berre fotball. Slike aktørar er det kjekt å samarbeide med!

Om oss:

Malakoff Rockfestival vert arrangert for 13 året på vesle Nordfjordeid 21-23. juli 2016. Festivalen som har vore utsolgt med over 20.000 besøkande dei siste 3 åra skal kvart år gje alle besøkande #denbestefestivalopplevinga i regionen/landsdelen. Malakoff skal begeistre og skape magiske opplevingar i eit inkluderande felleskap mellom publikum, artist og frivillig. Vi ynskjer å bidra til det gode liv på bygda. Rock on!!!

Gasta

Kvifor me e med:

Ei bygd. Eit lag. Ein draum. Vi vil vere med der.

Om oss:

Gasta er sju tilsette med design og kommunikasjon som lidenskap. Vi utvikler nettsider basert på Squarespace, kanskje det mest moderne publiseringsverktøyet. Som det einaste skandinaviske selskapet figurerer Gasta som «Specialist» hos Squarespace. Vi tilbyr også tenester innafor grafisk profil, content marketing, digital annonsering og søkemotoroptimalisering

Idrettssenteret

Kvifor me e med:

Idrettssenteret baserer sin verksemd på samarbeid og sambruk med andre aktører lokalt på Fosshaugane Campus, i Sogn med Sogndal og Leikanger kommune som viktigste geografiske område, i heile regionen og fylket samarbeider vi med næringslivet, enkelt grupper og brukere som er våre kunder og medlemmer. Difor er Sogndal Fotball sitt fylkesdekkande sponsornettverk viktig arena for Idrettssenteret å holde kontakt med eksisterende og nye kunder i ein travel kvardag.  

Om oss:

Idrettssenteret AS er eit aksjeselskap med ideelt føremål. Idrettssenteret AS er eigd av Sogndal Fotball, i tillegg er Høgskulen i Sogn og Fjordane vedtaksfesta rett til styrerepresentasjon saman med eigarane. Idrettssenteret sitt hovudmål er å skape eit ressurssenter som kan auke det idrettsfaglege kunnskaps- og kompetansenivået i Sogn og Fjordane. Idrettssenteret skal verte dreve på eit ideelt økonomisk grunnlag ved at overskotet vert ført attende til føremålet og utvikla tilbodet til brukarane vidare. 

Treningssenter for ”alle” med vekt på gode fasilitetar og instruktørar med høg kompetanse innan eit breidt spekter av fysisk aktivitet og helse. Kurs- og formidling som rettar seg mot alle grupper som skal rettleie, trene og instruere andre innan eit breidt spekter av fysisk aktivitet. Forskning- og utviklingsprosjekt for å auke kompetanse innan idrett, fysisk aktivitet og helse overfor ulike målgrupper. Testsenteret er sentralt i dette arbeidet for å dokumentere og evaluere effekt av tiltak m.m. Medisinske tenester innan førebyggjande arbeid, kurativ verksemd og rehabilitering overfor ei rekkje grupper.

SAMAN

Saman-logo-web.png

Kvifor me e med:

Saman får me studentane på kamp!

Om oss:

Vi er ein samskipnad som jobber for at studentar på Vestlandet skal få ei flott studietid.

Saman med utdanningsinstitusjonene arbeider vi for å utvikle det helhetlige læringsmiljøet for studentar i Sogndal, Førde, Bergen, Stord og Haugsesund. Ved å tilby gode velferdsordninger og et fagtilbod av høg kvalitet, vil vi i samarbeid gjere Vestlandet til ein attraktiv plass å studera.

Veidekke

Kvifor me e med:

Veidekke ønsker å vere Sogndal Fotball sitt sponsornettverk for fortsatt å kunne bidra til å utvikle Fosshaugane Campus.

OM OSS:

Veidekke er ein av Skandinavias største entreprenører og eigedomsutviklare. Selskapet utfører alle typar bygg- og anleggsoppdrag, vedlikehald veger og produserer asfalt, pukk og grus. Involvering og lokalkunnskap kjenneteiknar verksemda. Halvparten av dei 7000 medarbeidarane eiger aksjar i selskapet. Omsetninga er 24,5 milliardar (2015). Involvering og lokalkunnskap kjenneteiknar verksemda. God lokal marknadskunnskap og evne til å dra vekslar på konsernets samla ressursar og kompetanse gjer oss i stand til å finne dei beste løysningane for alle involverte partar. Resultatet er effektiv drift og auka verdiskaping. 

Distrikt Sogn og Fjordane har hovudkontor i Sogndal og avdelingskontor på Sandane og i Volda. Me har bygga fleire store og prestisjetunge prosjekt, blant anna Trivselshagen på Sandane, Ivar Aasen-tunet i Ørsta, Fosnavåg hotell- og konserthus, Bremuseet i Fjærland, Campus Fosshaugane, Sognahallen, Utsiktspunkt Stegasteinen, Kjøsnesfjorden kraftverk, Sogningen Storsenter og Amfi i Stryn. Vi har ein årleg omsetning på ca. 300 mill. kroner og ca. 80 tilsette funksjonærar og fagarbeidarar. Avdeling Sandane innehelder også ein ferdigbetongfabrikk. Distriktet leias av distriktsleiar Rune Karlsen. Avdelingsleiar for Sogndal er Svein Even Dale, Sandane Kristian Martin Kleppe og Volda Rune Eikrem.

Sognenett AS

sognenett.png

Kvifor me e med:

Sognenett ynskjer å bidra til lokal verdiskapning og utvikling i Sogn. Ved å samle idrett, forskning og utdanning på Fosshaugane Campus, samt kople dette med næringslivet, skapar Sogndal Fotball noko unikt og viktig i vår region som me ynskjer å vere med på.

Om oss:

Sognenett AS er eit lokalt forankra breibandsselskap som er størst på fiber i Sogn med kommunane Balestrand, Vik, Leikanger, Sogndal, Luster, Lærdal og Aurland som vårt dekningsområde. I dei områda kor me endå ikkje har fått levert fiber tilbyr me internett via xDSL eller radioteknologi. Som ein lokal tilbydar set me stor pris på våre kundar og me jobbar til ein kvar tid for å vere eit fyrsteval med konkurransedyktige produkt og tenester. I dag har over 75 % av alle privatkundane våre fått levert fiber til heimen, og det vert stadig fleire. Meir fart, meir moro!

MyStore.no

Mystore.png

Kvifor me e med:

Skape relasjoner og nettverk, sunne verdier, styrke merkevare

Om oss:

Mystore.no - gjør handel enklere. Mystore.no er Norges største plattformleverandør innenfor e-handelsbransjen og håndterer ordrer for flere milliarder norske kroner for over 1500 nettbutikker. I tillegg til å drive med netthandel leverer selskapet også skybaserte kassasystemer. Mystore.no ble etablert i 2006 og har de siste 10 årene utelukkende jobbet med e-handel og tjenester relatert til dette.